Deltakere på World Naturopathic Federations generalforsamling i Brasil 2025

WNF 2025 – generalforsamling i Rio de Janeiro

World Naturopathic Federation (WNF) gjennomførte generalforsamling i Rio de Janeiro i Brasil frå 13. til 14. oktober 2025, med deltakarar frå heile verda.

Av seniorrådgjevar/styreleiar i NNH John Petter Lindeland

Generalforsamlinga blei ein suksess. Tusen takk til alle som reiste til Rio de Janeiro for å delta. Ei særskilt takk går òg til vertsskapet vårt, organisasjonen ABRANA, for den varme gjestfridomen og den store støtta, uttalar Iva Lloyd, generalsekretæren i WNF.

Det var 40 deltakarar frå 12 land og 6 WHO-regionar. Forutan vanleg agenda, var hovudfokuset for generalforsamlinga samarbeid og deling av idear om sentrale tema som vil påverka profesjonen globalt.

Forsking

Betydninga av forsking var eit gjennomgåande tema i generalforsamlinga. Statusen for WNF sine forskingsinitiativ vart drøfta, saman med framtidige tiltak som lanseringa av ei tverrfagleg og tverrorganisatorisk undersøking dei næraste månadene. Dagen før generalforsamlinga blei det ein grundig diskusjon om korleis ein best kan støtte forsking og byggje forskingskapasitet. Det var ein dag prega av samarbeid og idéutveksling.

– Eit av dei andre viktige satsingsområda for WNF, er etablering av eigne nettsider for både antimikrobiell resistens (AMR) og miljøfaktorar som påverkar helsa (ERF).

I høve utdanning, blei det vedtatt etablering av ein underkomité for utdanning for å støtte nye naturopatiske utdanningsprogram.

WHO

Den nye WHO-strategien for Traditional medicine 2025-2034 blei grundig drøfta, spesielt i høve korleis ein på best mogleg måte kan promotera forsking på naturopati – som oftast nyttar komplekse intervensjonar. WNF har i lang tid vore involvert i arbeidet med den nye strategien, og har hatt fleire møter med WHO.

Retningsliner for behandling

WNF har tidlegare teke initiativ til retningsliner for naturopatisk behandling/omsorg. Desse retningslinene vil ha fokus på anamnese og vurdering i høve enkelte sjukdomar, men ikkje på behandling – slik ein finn det innan det offentlege helsevesenet. Alle medlemsorganisasjonar vil bli orientert om dette arbeidet framover.

Ny president

Det blei valt ny president for den neste perioden. Valet falt på Dr. Caio Portello (Brasil).

Nyvalt president i WNF Dr. Caio Fábio Schlechta Portella
Nyvalt president i WNF Dr. Caio Fábio Schlechta Portella

Caio Portella er lege, og blant anna president for det Brazilian Academic Consortium for Integrative Health (CABSIN). Han spelar ei aktiv rolle i utviklinga av naturopati i Brasil, og bidreg gjennom leiarskap og samarbeid med nasjonale fagorganisasjonar, inkludert Brazilian Society of Naturology (SBNAT) og The Brazilian Association of Naturopathy (ABRANA). Han er òg ein del av redaksjonen i det vitskaplege tidsskriftet Cadernos de Naturologia e Terapias Complementares og har tidlegare vore koordinator for bachelorprogrammet i naturologi ved Anhembi Morumbi-universitetet i São Paulo i fem år.

Innanfor WNF har Dr. Portella tidlegare leia den latinamerikanske regionale støttegruppa i to år, og han koordinerer no føderasjonen sin komité for antimikrobiell resistens (AMR). Det akademiske arbeidet hans omfattar bidrag til kunnskapsoppsummering, særleg innan utvikling og bruk av kunnskapskart i tradisjonell, komplementær og integrerande medisin i samarbeid med Pan American Health Organization (PAHO).

Han har ein doktorgrad i gynekologi og obstetrikk frå det medisinske fakultetet ved Universitetet i São Paulo og ein mastergrad i folkehelse. Dei profesjonelle aktivitetane hans er retta mot forsking, politikkutvikling og internasjonalt samarbeid knytt til integrerande og tradisjonelle helsepraksisar i helsesystem.

Norge og NNH blir representert i WNFs Executive committee for ein ny treårsperiode ved styreleiar i NNH, John Petter Lindeland.

 

 

 

World Naturopathic Federation

WNF ble etablert i 2014 og representerer 78 terapeutorganisasjoner fra alle WHO-regioner i verden. WNFs rolle er å fremme, støtte og utvikle den globale naturopatiske profesjonen. NNH ble innvilget fullverdig medlemskap i WNF 19. mai 2021. Vi jobber sammen for å fremme og styrke naturopatiens rolle i forhold til folks generelle helsetilstand og støtter oss til Verdens helseorganisasjons (WHOs) strategi for naturopati.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon