Ni europeiske land var siste helg i september samla til toppmøte i Škofja Loka – Slovenia – for å drøfta framtidig profesjonalisering av den naturopatiske fagprofesjonen. Deltakarar var både organisasjonar og utdanningsaktørar. NNH var representert ved styreleiar John Petter Lindeland og styremedlem Eskild Bakken.
Tekst og foto: Styreleiar i NNH, John Petter Lindeland

Dagleg leiar i World Naturopathic Federation (WNF), Iva Lloyd, leia møtet. Fokuset var å dela utfordringar, identifisera korleis samarbeidet mellom land, organisasjonar og utdanningsaktørar kan styrkjast. Vidare drøftingar i høve kontakt og samarbeid med styresmaktene om regulering, utdanningsstandardar, forsking, påverknadsarbeid og sosiale medium, samt tverrgåande problemstillingar.

Sjølv om naturopatien har sine filosofiske røter i Europa, er dei formelle strukturane rundt profesjonen i høve utdanning, regulering og organisasjonsrepresentasjon ulikt frå land til land – om ein samanliknar dette med til dømes USA og Canada. Dette er ein av utfordringane for at profesjonen skal få større anerkjenning og vekst i Europa.
Utdanningsstandarar
WNF har gjennom Naturopathic Educational Program Guide gjeve rammeplanar for to ulike utdanningsnivå i naturopati. Prioriteringa nå er å få desse implementerte i alle medlemsland. For mange vil dette fordra eit samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane i Europa når det gjeld utvikling av studieplanar, lærekrefter og utvekslingsprogram – samt avtalar om overgangs- og påbyggingsprogram.

Sveits blei i denne samanhengen nemnt som eit optimistisk døme på kva dei har oppnådd gjennom strategisk arbeid. Landet har nå offentleg regulering i TCM, tradisjonell europeisk medisin/naturopati, homøopati og ayurvedisk medisin. Ettersom landet er delt inn i mange kantonar med ulike lover, kan ikkje reguleringsystemet automatisk overførast andre europeiske land. Likevel er det dei har fått til, ein stor inspirasjon som er verdt å skaffa seg kunnskap om – som blant anna ved å lesa intervjuet med rektoren ved Ecole Professionnelle Supérieure de Naturopathie (EPSN), Julien Henzelin.
Folkeopplysning
Gjennom WNF sitt omfattande HTA-dokument på 750 sider, har dei definert yrkesprofesjonen naturopati. Dette dokumentet er eit av få innan den tradisjonelle medisinske tradisjonen, og er eit godt grunnlag for å informera både helseforvaltning, politikarar og brukargrupper om innhaldet i fagidentiteten. WNF er aktiv på ulike digitale plattformer med korte innslag om både filosofien, prinsippa og teoriane som naturopatien byggjer på. Under møtet var det fleire som utrykte at profesjonen er lite kjent, trass i brukaromfanget. Noko av dette kan skuldast at naturopatien, slik den er definert av WNF, har operert under andre termar i Europa. Framover må organisasjonane i dei ulike landa bli flinkare til å promotera profesjonen på ulike plattformer framover.

Utfordringar
I og med at naturopat ikkje er ein beskytta tittel i Europa, fører dette sjølvsagt til ein stor variasjon i utdanningsomfang. Dei som satsar på seriøse og lange utdanningar, må konkurrera med kurstilbydarar med langt lågare krav og pris. Mange opplever at det også er vanskeleg å overtyda politikarar og styresmakter om at naturopati bør regulerast som ein helsefremjande profesjon. Her trengs det gode strategiar som synleggjer både globalt omfang, reguleringserfaringar frå ulike land – og ikkje minst forsking på effekt, kliniske erfaringar og dertil økonomiske aspekt ved bruk av naturopati. Det var brei semje om at WNF sitt HTA-dokument, er eit verdifullt stykke arbeid som vil gjera det betydeleg lettare for dei enkelte landa å formidla kunnskap om profesjonen inn til rette personar og aktørar på ulikt nivå.
Fagkongress
Verten for leiar-møtet, var Združenje naturopatov Slovenije (det slovenske naturopatiforbundet). Dagen etter var dei fleste deltakarane også med på deira sin årlege fagkongress. Sjølv om språket set grenser for kva ein får med seg, er dagens språkteknologi til stor hjelp. Tematikken på kongressen var relatert til ulike sjukdomskategoriar, med vekt på naturopatien sine vurderingar og behandlingsstrategiar. Mange forelesarar viste eit høgt kompetansenivå. Kongressen blei leia av Erika Brajnik, som også er rektor ved Naturopatsko šolo Saeka. Dette er den viktigaste utdanningsinstitusjonen for naturopati i Slovenia.


