Signifikant homøopati

– om det nye Symptomen-Lexikon

Braunschweig i Tyskland var den 22.-24. september 2006 staden for eit seminar om bruken av det nye Symptomen-Lexikon og dei nye utarbeida kollektanane (signifikans- oversikt for både sensasjonar, modalitetar og siderelasjonar/ekstrateikn frå legemiddelprotokollen).

Av John Petter Lindeland, homøopat MNNH

Deltakarane var heilpraktikarar og legar frå både Tyskland, Sveits, Austerike, ein frå Italia og homøopatene Cato Wahlberg, John Petter Lindeland, Einar Berntsen og Trond Aurdal frå Noreg.

I over 20 år har heilpraktikar Uwe Plate arbeida med å utvikla fembindsverkøopatet Symptomen-Lexikon – godt assistert av heilpraktikar Bernhard Möller. Ideen til dette verket kjem frå S. Hahnemann sjølv. Han innsåg at han aldri ville bli ferdig med dette arbeidet (som han allereie hadde brukt fleire år på), og utpeika Georg H. G. Jahr til å overta og sluttføra det.

Heller ikkje Jahr makta å gjennomføra denne oppgåva, som etter den tiltenkte strukturen ville bli på 48 bind. Han laga istaden sitt eige repertorium, men skriv i forordet at både dette og andre repertorium bare blir overgangsordningar inntil eit symptomleksikon er ferdig. Dette var også C. Boenninghausen inneforstått med.

Struktur

C. Hering la i det homøopatiske tidskriftet “Archiv” fram ein ny struktur for eit slikt verk. Dette ville redusera omfanget og gjera det meir brukarvennleg. Heilpraktikar Uwe Plate har i all hovudsak fulgt dette forslaget til struktur, så nær som ordning av organ/kroppsdel. Årsaka til denne utelatinga er at i Materia Medica (Die Chronischen Krankheiten, Band 1-5 og Reine Arzneimittellehre, Band 1-6) er organ/kroppsdel ordna etter hovud/fot-skjema, og er difor lett å finna fram til.

Leksikonet/verket består av i alt fem bind på tilsaman 8000 sider. Det er delt inn i tre hovudbolkar:

  • sensasjonar/ubehag
  • modalitetar
  • ekstrateikn (siderelasjonar, regelmessige/uregelmessige anfall osb).

 

Symptoma/teikna er alfabetisert, og bak i kvart bind er det ein symptomoversikt med synonymar/analogiar. Dei nemnde kollektanane har pr. i dag eit relativt lite omfang, men ein arbeidskrets held på med utarbeiding av fleire hundre slike. Med tida er det meininga at desse vil foreliggja i dataversjon, eller innebygd i eit nytt og kvalitetssikra Boenninghausen-repertorium. (Det er også fullt mogleg å laga eigne kollektanar ved hjelp av Symptomen-Lexikon.) Kollektanane vil, på lik linje med eit repertorium, bare vera eit redskap til å «snevra» inn antall midlar som det kan vera aktuelt å studera nærare i symptomleksikonet (Materia Medica) med similimum
som overordna målsetjing.

Begrep

I innledninga til Kollektansamlinga, skriv Uwe Plate forklarande om ulike begrep som ein bør halda frå kvarandre for å letta forståinga av kva som aleine gjer teikna i eit middel karakteristikk og kva som gjer dei karakteristiske/uvanlege/påfallande/merkverdige i forhold til andre middel og forventa symptom/teikn ved ulike patologiske tilstandar. Han skriv bla. om at S. Hahnemann sjølvsagt var medviten om at ikkje alle prøvingssymptom med hundre prosent sikkerhet stamma frå midlet sjølv. Etter alle reglar for logikk og vitenskaplege prinsippar, burde slike «falske» symptom lukast bort. Trass i dette, tok S. Hahnemann med alle prøvingssymptom inn i Materia Medica’en – fordi han i fyrste del av oppteikningsprosessen ikkje kunne vita om dei stamma frå sjølve midlet eller var «falske». Dette er i utgangspunktet i og for seg uproblematisk, sidan eit einsleg symptom/teikn aldri kan få status som karakteristisk. Det er fyrst når den «fullstendige» symptomsamlinga (prøveprotokollen) til eit middel/substans er etablert, at ein kan gjennomskua kva som er «falskt» eller ikkje. Då vil «falske» teikn/symptom sjeldan eller aldri vera gjennomgåande eller opptre hyppig nok til å få status som signifikant.

Karakteristiske teikn

Det er viktig i denne samanhengen å kunna skilja mellom bruken av begrepet symptom og teikn. Eit symptom (både hjå pasient og i legemiddelprotokollen) består av fire moglege delar: lokalisasjon (organ), sensasjon eller ubehag (t.d. stikking, kløe, brekning, diarre), modalitet (forverring/betring), og fylgjesymptom (sensasjonar eller ubehag som oppstår samstundes med andre sensasjonar/ubehag) eller det som vi i Norge ofte kallar STOLUF (sensasjon, tid, omstende/modalitet, lokalisasjon, utbreiing og fylgjetilstand.)

Eit symptom treng ikkje bestå av alle desse delane, men variera mellom fleire eller færre. Delane i eit symptom er dei ulike teikna. Symptomet: kvalme med stikkande smerter i magen når eg går, består såleis av fire ulike teikn/delar: magen (lokalisasjon) – stikking (sensasjon/ubehag) – når går (modalitet) – med kvalme (fylgjesymptom).

I eit sjukdomstilfelle er eit symptom karakteristisk når det er differensiert. For eit middel finst det ingen karakteristiske symptom, men bare karakteristiske teikn (fordi det er sammanfatninga av heile legemiddelprøvninga hjå eit middel som er avgjerande sidan dei er bygde på mange «kasus»/utprøvarar).

Teikna i eit middel (ikkje symptoma hjå ein pasient), er karakteristiske når fylgjande vilkår er tilstades:

Eit organ/kroppsdel er karakteristisk for eit legemiddel, når det gjennom utprøvinga opptrer ulike plager/sensasjonar på denne kroppsdelen/organet (t.d. brenning, trykk, samansnøring, klemmande, stikkande osb. – på det same organet. Magen som organ/kroppsdel er hjå ”Nux. Vom.” karakteristisk, fordi det opptrer ulike sensasjonar under utprøvingane så som trykk (nr. 376), spenningar (nr. 387), samansnørande, klemmande smerter (nr. 394). For ”Aurum” er magen ikkje karakteristisk, fordi det i utprøvinga bare opptrer eit teikn: ein sultliknade smerte i magen (nr. 194) og ingen andre teikn).

Ein sensasjon er karakteristisk når den opptrer på ulike kroppsdelar/organ (når brenning opptrer både i buk, underliv, hals, hode osb. Rivande smerter er for ”Nux. Vom.” karakteristisk fordi denne sensasjonen opptrer i ulike organ: i buk (nr. 411), i underlivet (nr. 412 ), i magen (nr. 416), og i livmor(nr. 473). Rivande er for ”Moschus” ikkje karakteristisk fordi det bare opptrer i eit organ: magen (nr. 145).)

Ein modalitet er karakteristisk når den framkallar ulike sensasjonar/plager på ulike lokalitetar ( < gå: blir svimmel, hodesmerter, stikk i brystet, tannsmerter osb. Modaliteten < når går er karakteristisk for ”Nux. Vom.” fordi denne modaliteten frambringar ulike sensasjonar/plager så som svimmel (nr. 10 – 16), sprengande/isunnrivande hodesmerter (nr. 63), tannsmerter (nr. 196), trykkande smerter (nr. 383 – 386) osb. For ”Chamomilla” er denne modaliteten ikkje karakteristisk, fordi utprøvinga bare frambringar eitt teikn: svimmelhet når går.)

Ei fylgjeplage (concomitant) er karakteristisk når det fylgjer ulike sensasjonar/teikn og når dei opptrer ved ulike plager/teikn samstundes (det rødmande/røde ansiktet er karakteristisk for ”Aconitum” fordi det opptrer både under feber, sterke hjertepalpasjonar, ved angst osb. Den blåe ansiktsfargen hjå ”Cina” er imidlertid ikkje karakteristisk fordi den bare opptrer under hosteanfall.)

Denne regelen gjeld også for teikn som er knytta opp til spesielle lokalitetar, som t.d. svimmelhet, pustebesvær osb.

S. Hahnemann viser fleire gonger i Reine Arzneimittellehre (Materia Medica Pura) til karakteristiske teikn. Desse samanliknande teikna og symptoma er merka med stjerne * nederst på boksidene. Han skriv bl.a. om ”Ignatia” at «dei karakteristiske eigenskapane til denne kraftige vekstsubstansen har eg t.d. antyda i merknadane.» Det same gjeld for ”Bryonia”. Ved å samanfatta dei nummererte symptoma 418, 512, 523 og 602, finn ein at ”Bryonia” har framkalla «stikking ved berøring» på ulike organ/lokalitetar. Dette samsvarar med det som i § 153 i ”Organon” er definert som karakteristiske teikn.

Med ei slik klargjering av kva som er grunnlaget for å kalla eit teikn karakteristisk, blir differensieringsarbeidet ved valg av middel i eit kasus betydeleg lettare og meir nøyaktig.

Praktisk bruk

Under seminaret blei det ved hjelp av ulike kasus vist korleis ein brukar kollektanane og Symptomen-Lexikonet. Som ved alle høve, gjeld det å velja symptom som på best mogleg måte karakteriserar og differensierar kasuset – jfr. STOLUF. Det som blei framført, var ei stadfesting av at dette kjem til å bli eit svært nyttig redskap for homøopatien framover og ei storsinna gåve til dette faget.

At denne utviklinga skjer nettopp i Tyskland, trur eg ikkje er tilfeldig. Forutan at landet har fostra grunnleggjaren av homøopatien, trur eg også dette har med heilpraktikarordninga å gjera.

Ordninga krev i dag ei relativ omfangsrik grunnutdanning, som skapar ein intellektuell kapital alle naturterapeutiske fag får nytte av. Les ein bl.a. publikasjonar av tyske heilpraktikarar, er desse av høg kvalitet, både når det gjeld struktur og innhald. Dette gjer også samarbeidet med etablert medisin lettare.

Under dette seminaret var det to heilpraktikarar som hadde regien, ved neste høve kan det vera legar. Vi har her å gjera med to sidestilte identitetar som både har respekt og nytte av kvarandre ved at begge har fagleg tyngde i sine respektive kunnskapsområder.

Litteratur:

  • Uwe Plate: Hahnemanns Arbeitsweise
  • Uwe Plate: Symptomen-Lexikon der Materia Medica
  • Uwe Plate: Kollektansamling
  • S. Hahnemann: Organon der Heilkunst. 6. Auflage
  • S. Hahnemann: Die Chronischen Krankheiten Band 1-5
  • Reine Arzneimittellehre Band 1-6
Artikkelen ble publisert første gang i tidsskriftet Naturterapeuten nr 2/2007.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *