Canada har hatt regulering av naturopati sidan 1926. Landet har ei spennande historie innan dette feltet som det kan vera verdt å studera.
John Petter Lindeland, seniorrådgjevar og styreleiar NNH
World Naturopathic Federation (WNF) har starta ein webinar-serie med presentasjonar av ulike land med spesiell fokus på regulering, utdanning, forsking og naturopatisk praksis. Canada er valt som fyrste land.
Kva er naturopati?
Naturopati er eit medisinsk system for personsentrert behandling som gjer organismen i stand til å vinna tilbake funksjonell balanse både på det fysiske, mentale og psykiske planet. Den byggjer på kunnskapstradisjonar både frå tradisjonell medisin og moderne medisin. Grunnleggjande prinsipp om ikkje å gjera skade, trua på dei lækjande kreftene i naturen, finna og behandla årsaka, behandla heile menneske, vera rettleiar og motivator, fremja sjukdomsførebyggjande tiltak – er basis i all praksis. Ein naturopatisk praksis blir kjenneteikna ved at terapeuten gjer seg bruk av ulike tilnærmingar både i form av livsstilsrådgiving, ernæringsrettleiing, og andre naturterapeutiske terapiformer – slik som urtemedisin, akupunktur-TCM, homøopati, soneterapi/refleksologi, biologisk medisin, kraniosakralterapi, muskel/massasjeterapiar, eteriske oljer osb. Bruken av ulike terapiformer og diagnostiske verktøy kan variera frå praksis til praksis.

Historie og regulering
Naturopathic doctor Shawn O’Reilly, og tidlegare administrerande direktør i The Canadian Association of Naturopathic Doctors (CAND) i over tjue år, fortalde om historia og kva dei har oppnådd gjennom desse åra. Naturopathic doctor – som er den offisielle profesjonstittelen – er regulert under same lovgjeving som andre helsepersonell i Canada.
Canada er delt inn i ti provinsar, og sju av dei har denne reguleringa. Arbeidet i høve dette starta allereie i byrjinga av 1900-talet, og med lovregulering frå 1926. Dei fleste Naturopathic doctors er medlem av CAND, og tel i dag over 3.000 praktiserande medlemmer.
CAND har eit nært samarbeid med både den føderale- og dei ulike provinsregjeringar for blant anna å sjå til at reguleringa er passande i høve behova til ei kvar tid. Shawn O’Reilly kunne fortelja om fleire saker dei har arbeida med i dei siste åra:
- Dei vann ei sak om skatt på naturopatisk behandling (liknande mva. i Norge). Denne saka tok 7 år før eit positivt resultat førelåg.
- Statleg tilskot til naturopatisk behandling for pasientar som ikkje har helseforsikring.
- Statleg tilskot til naturopatisk behandling for urfolk i Canada.
- Det blei etablert eit samarbeidsorgan mellom CAND og helsedepartementet under pandemien. Dette samarbeidet blei så vellykka at dei utvida dette til også å gjelda opioid-krisa, som også Canada er ramma av.
CAND har også vore i aktiv i utarbeiding av statlege kosthaldsråd.

Utdanning og forsking
Kieran Cooley er forskingsdirektør ved Canadian College of Naturopathic Medicine (CCNM). Cooley si forsking ved CCNM omfattar gjennomføring av heilskaplege kliniske studiar på naturopatisk behandling, vurdering av kvaliteten og påverknaden av både naturopati og integrativ medisin, samt samarbeid med ulike institusjonar for å evaluere naturlege helseprodukt. For tida forskar han på bruk av cannabis og integrative tilnærmingar for kroniske smerter, tverrfagleg samarbeid og utdanning, samt naturopatiske tilnærmingar både i høve irritabel tarm-syndrom og diabetes. Han er nestleiar i Canadian Interdisciplinary Network of Complementary and Alternative Medicine Researchers (INCAM) og gjesteforskar ved Australian Research Centre for Complementary and Integrative Medicine, University of Technology, Sydney – gjennom International Naturopathy Research Leadership and Capacity Building Program.
Det er i dag ein utdanningsinstitusjon for Naturopathic doctors i Canada – Canadian College of Naturopathic Medicine (CCNM). Dei har to campus, ein i Toronto og ein i Vancouver – med eit studentomfang på ca. 5000. Utdanningsnivået er 4 års heiltid. Det finns også innpassingsprogram for grupperingar med anna helseutdanning som ynskjer å bli naturopatar, slik som leger, kiropraktorar, ostepatar osb. Desse utdanningane er naturlegvis kortare.
The Council on Naturopathic Medical Education (CNME) er akkrediteringsorganet for utdanningar i både USA og Canada. I tillegg har kvar provins sitt akkrediteringsorgan.
Når det gjeld forsking, har det gjennom lang tid vore aktivitet frå mange Naturopathic doctors – men den strukturelle/formelle forskinga starta i slutten av 90-åra. Det er gjort mykje og omfattande forsking, noko som har styrka legitimiteten til den naturopatiske profesjonen. Over 300 peer review er publisert i denne 25-års perioden, og i samarbeid med over hundre andre aktørar med ulik kompetanse. Også innan kreftforsking er dei aktive i høve mange aspekt som er knyta til den sjukdomstilstanden. Dei har eit budsjett på ca 12 mill. canadiske dollar. Mange Naturopathic doctors er også knyta til andre forskingsinstitusjonar/universitet, noko som aukar aksepten for profesjonen og fører til omfattande samarbeid med mange offisielle helseaktørar. Utdanningsinstitusjonane har teke initiativ til ein årleg forskingsdag som er open for både praktiserande naturopatar, studentar og andre interesserte.
Produkt som blir brukt i naturopatisk praksis, er regulert gjennom eit statleg organ – The Marketed Health Products Directorate – som igjen er ein del av Health Products and Food Branch. Oppgåva til direktoratet er blant anna å overvaka og vurdera tryggleiken og effektiviteten til godkjende helseprodukt som kjem på marknaden i Canada. Føresetnaden for eit slikt arbeid, er forsking og innsamling av kliniske erfaringar. Dette kan vera i høve interaksjonar og brukt av urter eller andre produkt knyta til pasientgrupper og sjukdomstilstandar.
Mykje av det arbeidet som blir utført innan den naturopatiske profesjonen, blir formidla gjennom CAND Journal. Målet er å informera medlemmene, helsepersonell (konvensjonelle og integrative), ulike helseaktørar, styresmakter og folk flest om dei kunnskapsbaserte beste praksisane naturopatien har å tilby.

Naturopatisk praksis
Naturopatisk doctor Renée Purdy har sin praksis i byen Moncton, ved austkysten i Canada. Ho er blant anna medlem av Executive Committee og Research Working Group i WNF.
Ho påpeikar at naturopatiske praksisar kan variera mykje, alt frå aleinepraksis til tverrfaglege med innslag av ulike spesialistar, allmennpraksis eller fokus på enkelte pasientgrupper – slik som barn, gravide – eller spesielle sjukdomskategoriar.
Ein naturopatisk doctor i Canada har høve til å diagnostisera, føreskriva medisinar og bli oppsøkt av pasientar direkte utan å måtte vera innom vanlege legar. I høve medisinar, kan dette dreia seg om alt frå antibiotika, hormontilskot, urter, homøopatika og andre naturmidlar/kosttilskot. Dei har også tilgang til laboratorieprøver i tillegg til andre testmetodar som er vanleg innan naturmedisinen/naturopatien.
I høve økonomi, har Canada eit helsesystem som er finansiert av staten. Naturopatien fell utanom denne ordninga, men har dekking gjennom helseforsikringar.
Det som er felles for dei fleste naturopatiske praksisar, er fokus på livstil/livsstilsmestring, kostrådgjeving, klinisk ernæring, urtemedisin, homøopati, TCM inkludert akupunktur, muskel/manipuleringsteknikkar, hydroterapi. Vanlegvis tek ein konsultasjon mellom 1 til 2 timar som inkluderer anamnese, fysiske undersøkingar og laboratorieprøver. I tillegg til desse metodane/teknikkane, har dei også høve til å bruka injeksjonar. Dette blir ikkje undervist i grunnutdanningane, og krev difor ekstra kursing for å få godkjenning. Generelt vil reguleringa i høve kva ein naturopatisk doktor har lov til å gjera, variera litt frå provins til provins.
For dei som ynskjer å sjå heile nettseminaret, er lenka her