Soneterapeut MNNH Terje Horpestad er ein av dei mange innovative terapeutmedlemmene i NNH. Han har gjennom fleire år drive med undervisning innan soneterapi, og er forfattar av fleire bøker i faget. Bøkene ‘Ny kunnskap i soneterapi’ og ‘Soneterapi i tekst og bilder’ er nå kome i ny og revidert versjon.
Av John Petter Lindeland, styreleiar i NNH
Kva er nytt i dei nyreviderte bøkene?
– I den nye utgåva av bøkene er både tekst og illustrasjonar forbetra. Teksten er strukturert slik at han er lettare å lese, og språket er tydelegare og betre tilpassa innhaldet. I fleire anatomiske teikningar har eg brukt KI til å laga illustrasjonar. Dette var ikkje mogleg då eg skreiv første utgåve av boka. Det har òg kome ny kunnskap sidan første utgåve. Ei god lærebok varetek historia, samstundes som ho omfattar notida gjennom oppdatert språk og anatomisk forståing.
Rundt 2012 skildra forskarar det såkalla glymfatiske systemet. Dette er eit reinse- og dreneringssystem i hjernen som nyttar cerebrospinalvæska til å skylja gjennom hjernevevet. Systemet er særleg aktivt under søvn. I tillegg fann forskarar i 2015 ekte lymfeårer i hjernen som gir ny forståing av reflekspunkta til hjernen lokalisert på stortåa. Desse funna, saman med fleire nye innsikter som har kome sidan førre utgåve, er no innarbeidde i bøkene.

Nokre teoriar, som til dømes makrobiotikk, har eg valt å fjerne fordi eg ikkje lenger vurderer dei som relevante. I første utgåve lét eg vera å ta med soneterapeut Charles Ersdal sitt armreflekspunkt på litletåa, fordi eg opplevde det som ulogisk. I den nye utgåva har eg laga nye teikningar og inkludert dette reflekspunktet. Sjølv om punktet tidlegare framstod som ulogisk, kan det moglegvis forklarast ved at litletåa representerer den laterale sida av hjernen. På utsida av litletåa finst det reflekspunkt til både ytreøyra og den «motoriske mannen», der nervestrukturane som styrer armen er lokaliserte. Kanskje det viktigaste i denne samanhengen er at punkta er effektive og verd å behandla, anten vi behandlar smerter i den laterale delen av hovudet eller i armen.
I boka, frå side 102 til 110, har eg skrive systematisk om fleire sjukdommar, blant anna astma, biholebetennelse, isjias, Parkinsons sjukdom og Ménières sjukdom. I denne delen er patologien oppdatert, med betre struktur og nyare kunnskap.
Kva reaksjonar får du frå dei som kjøper bøkene dine?
-Tilbakemeldingar frå dei som har kjøpt bøkene, har vore positive. Mange set pris på at illustrasjonane er både tiltalande, samt enkle å forstå.
Illutstrasjonar og KI
Bøkene dine er rikt illustrert og der sonepunkta har referanse til anatomiske strukturar i foten. Dette meiner eg er ei nyvinning i forhold til andre bøker som berre «legg eit anatomikart» over foten, utan å referera til «terrenget». Trur du KI kan opna opp for betre sonekart i høve anatomiske strukturar, etter som KI-bilde ikkje er knyta opp mot copyright?
– KI gjev mange moglegheiter til å forbetra lærebøker, men det finst òg fleire fallgruver. KI kan laga fine teikningar av ein fot eller andre kroppsdelar, men han klarer ikkje å leggja inn korrekte framstillingar av indre organ i slike bilete, og då blir det fort misvisande.
Eg har god erfaring med å bruke KI til å laga anatomiske illustrasjonar av ulike strukturar. Nokre av teikningane blir svært gode. Samstundes må ein vere kritisk, fordi KI lett kan plassera feil strukturar på musklar og festeområde. KI er òg lite presis når det gjeld å plassera rette anatomiske namn på rett stad, til dømes kan hypotalamus bli merkt som eit kne, og eit kne kan bli uterus.

KI kan vera eit nyttig verktøy for å skapa oversikt og struktur i både tekst og bilete, noko som kan gjera det lettare for elevar å læra kompliserte fag.
KI kan teikna ein god grunnstruktur av ein fot, sett ovanfrå, nedanfrå eller lateralt, som vi kan bruka som utgangspunkt for å teikna inn skjelettstruktur eller indre organ som magesekk og milt. For å lukkast med dette, krevst det likevel eit godt teikneprogram, sidan dette klarer ikkje KI åleine.
Nokre av dei spesifikke refleksbehandlingspunkta kan gje ulike reflekssignal til ulike kroppsdelar. Til dømes kan litletåa ha refleksforbindingar til smerter i arm, inkludert fingrar og olboge, samt ytreøyra, øyregangen og den laterale delen av hovudet. Her kan teikningar og illustrasjonar vera til stor hjelp for lesaren.
Gleda ved å skriva lærebøker i soneterapi er at det gjev studentar gode moglegheiter til å tileigna seg kunnskap om ei behandlingsform som mange kan ha nytte av.
Kunnskapsdeling
I intervjuet med soneterapeut Dr. Jackie James etterlyser ho større engasjement i fagmiljøet både i høve å dela kunnskap og ein oversikt når det gjeld teknikkar og omgrep/terminologi. Har du nokre tankar om korleis dette burde gjerast?
– Det er ikkje noko stort forfattarmiljø i Noreg innan soneterapi. Talet på dei som faktisk har gitt ut eigne bøker er lågt, truleg berre eit lite knippe personar.
Det meste av litteraturen som blir brukt i Noreg er omsett frå utlandet (England, Tyskland, USA). Mange undervisningsmiljø brukar derfor kompendium, kursmateriell og eigne notat, ikkje berre bøker.
Dessverre fører dette til at kunnskap og erfaring frå undervisningsinstitusjonar ofte ikkje når lenger enn til dei elevane som sjølve har delteke på kurs. Ikkje alle som har gått på kurs, endar opp som praktiserande soneterapeutar eller får omsett teorien i praksis.
For å få tilgang til kompendium må ein vere kursdeltakar, noko som avgrensar tilgangen til nye tankar og erfaringar for andre lærarar med ulik bakgrunn og synspunkt innan soneterapi.
Derfor blir kvar ny norsk lærebok viktig for ei felles fagleg utvikling. Ei lærebok vil alltid vera i utvikling, også i norske naturterapi-skuler. Det er avgjerande at alle som har arbeidd med menneske over lang tid, deler erfaringane sine, slik at kunnskap ikkje går tapt.