Nordisk samarbeidsmøte på Island

NNH har gjennom mange år vore medlem av Nordisk samarbeidskomité for  komplementær – og alternativ medisin (NSK). Dette er eit forum der organisasjonar frå dei nordiske landa møtes for å utveksla informasjon om kva som skjer av både fagleg og politisk karakter.

Av John Petter Lindeland, styreleiar NNH

Kvart land leverer landsrapport ei god tid før møtet. Desse blir gjennomgått, og drøfta i plenum. Føremålet er å hjelpa og inspirera kvarandre til fagleg utvikling, arbeida for gode rammevilkår og offentlege reguleringar i kvart enkelt land. Dei nordiske landa har lange tradisjonar i høve samarbeid innanfor mange felt.  Nordisk råd er kanskje det viktigaste organet 1.  Dette blei danna i 1952, og er det parlamentariske organet for det offisielle nordiske samarbeidet.

Sjølv om dei nordiske landa har mange likskapstrekk både kulturelt og politisk, er det også skilnadar som blir tydelege når ein går inn i dei ulike politikkområda, som til dømes regulering av naturterapi/alternativ behandling.

Førebilete

Det kjem under møta ofte fram at NNH er eit forbilde i høve organisasjonsstruktur, av di me har klart å samla mange fag i ein større hovudorganisasjon. Dette skapar grunnlag for å ha eit sekretariat/administrasjon med kvalifisert personell – noko dei andre manglar.  Resultatet er manglande kontinuitet og profesjonalisering både i høve utdanning og medlemsservice.

Det blir arbeida med samanslåing av ulike forbund, noko som blant anna har skjedd i Danmark.  I Sverige har det mest gått den motsette vegen.  Her hadde dei for nokre år sidan ein samlande KAM-organisasjon med eit kompetent sekretariat og tillitsapparat.  Denne organisasjonen er for tida ikkje operativ.

I Finland er sektoren sterkt fragmentert i mange små organisasjonar.  Dette svekker arbeidet i høve regulering og offentlege rammevilkår.

Status

Om ein tek meirverdiavgifta som eit døme, er det berre Danmark som har fritak.

Når det gjeld regulering elles, er det også store skilnadar.  Ofte er det offentlege utgreiingsarbeid som ligg til grunn for nye former for regulering og lovverk.  Pr i dag er det berre Norge og Sverige som har offentlege dokument av eit visst omfang – NOU og SOU.  Finland har endå ikkje eige lov som regulerer naturterapi/alternativ behandling.  Dei sorterer blant inn under straffelova og næringsforskrifter.  Det finske regjeringspartiet har i sitt program eit forslag om å laga eigen lov for denne sektoren.  Det er også personar innan sosial- og helsedepartementet som har ei positiv haldning til at dette arbeidet bør prioriterast.  LKL (den finske organisasjonen som var med på møtet), har i lag med andre organisasjonar sendt brev til ulike departement om behovet for utgreiing om naturterapi/alternativ behandling – og forslag til ny lov.

Sverige fekk i 2019 ein ny SOU-rapport om alternativ medisin 2.  Her var det blant anna forslag om forbod mot behandling av sjukdom for barn under 15 år, uansett alvorsgrad.  Det skal likevel vera lov å gje symptomlindrande behandling. Komplementärmedicinska Riksförbundet (KMR) har levert eit omfattande tilsvar3 til dette dokumentet.  Konklusjonen deira er at SOUen må diskvalifiserast grunna at den bryt med ei rekkje internasjonale konvensjonar, grunnlova og EU-retten.  I tillegg kritiserer dei også at ekspertutvalet som laga dokumentet hadde 16 representantar frå skulemedisinen, mot berre 1 representant frå naturterapi/alternativ behandling.  Førebels er det ingen nye lovforslag som er vedtatt.

I Danmark er det ingen store endringar i høve regulering.  Dei har eit offentleg register RAB)4 med vedteke minimum fagkrav.  Det er konsensus i sektoren om å få staten til å oppretta eit forskingsorgan tilsvarande NAFKAM i Norge.

Kjelder:

  1. https://www.norden.org/no
  2. https://www.regeringen.se/contentassets/c9ce60ddd06b44eab33fa8074ced9a26/komplementar-och-alternativ-medicin-och-vard-sou-2019_28.pdf
  3. https://komplementarmedicinska.se/site/assets/files/1097/kmr_till_soc_dep_s201901774-fs_s201902695-fs_2019-10-26_1.pdf
  4. https://rabforum.dk/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *