Overskrifta er ikkje meint som ei negativ fokusering på det arbeidet NAFKAM (Nasjonalt Forskningssenter Innen Komplementær og Alternativ Medisin) har gjort og gjer, men heller ein innfallsvinkel til å diskutera prioriteringar ut ifrå ulike brukarperspektiv.
Av John Petter Lindeland, styreleiar NNH
I og med at NAFKAM har hatt eit demokratisk underskot ved at styret ikkje har fungert sidan 2004 , burde det vera legitimt å evaluera dei prioriteringane som er gjort. Logobyggjinga, spesielt gjennom Register for eksepsjonelle sjukdomsforløp (RESF ) og det sist tilkomne som samarbeidssenter i Nord- Europa for WHO, kan sjølvsagt skapa ein større legimitet i forhold til løyvande styresmakter/prosjektmidlar og internasjonal status – med Tromsø som logopolis for forsking innan alternativ medisin. Men ei slik prioritering må då sjølvsagt konkurrera med dei andre oppgåvene som er nedfelt i ulike dokument av oppdragsgjevaren, nemleg Stortinget og det norske folk.
Ved at logopolis blir knytta til Tromsø, kan dette også svekkja ei desentralisering til andre forskingsmiljø i Norge som både har kompetanse og vilje til å forska på alternativ behandling. I Ot.pr. nr. 27 (2002-2003) er det drøfta ”utvidelse av senteret i Tromsø og etablering av ’satelitter’ ved universitetene i Oslo, Trondheim og Bergen.” Departementet har i eit svar til NNH fastslått at ” det så langt ikke har vært mulig å få til en budsjettmessig økning som innebærer etablering av ’satelitter’ ”. Kor hardt dei har prøvd, er det likevel ingen som veit.
Mandat og strategiar
Mandatet for NAFKAM er delvis nedfelt både i NOU 1998:21, Ot.prp. nr. 27 (2002-2003) og i NAFKAM sitt eige strategidokument. I dei to fyrstnemnde dokumenta er mandatet knytta opp til forsking, informasjon, rådgjeving, samarbeid med det alternative behandlarmiljøet, drift av NIFAB, utvikling av undervisningsopplegg og internasjonalt forskingssamarbeid.
Alle desse mandatområda er i dag fungerande i meir eller mindre grad. Etter mi meining vil ei kvalitetsutvikling framover vera avhengig av ein tettare dialog med behandlar– og brukarorganisasjonane.
I NAFKAM sitt eige strategidokument, er det blant anna nedfelt at senteret skal ”avholde årlige regionale møter med alternative behandlere i universitetsbyene Tromsø, Oslo og Bergen” og ”avholde årlige kontaktmøter med arbeidsutvalget i SABORG.” Så vidt me er kjent med, har det ikkje vore regionale møter sidan 2005. Det ein likevel saknar mest i det arbeidet som er gjort, er grunnlagsforsking med utgangspunkt i det ”landskapet” vi har i Norge pr. i dag.
Eit av punkta i nemnde strategidokument, omhandlar det som eg meiner burde ha vore fyrsteprioritet: ”Utforske det alternative behandlingsfeltet deskriptivt, dvs. hvem bruker hva, i hvilket omfang, mot hva og over hvor lang tid? Hvilke behandlingsformer finnes, og hva er bakgrunnen til utøvere?”.
Eit slikt grunnlagsmateriale ville ha vore til uvurderleg hjelp som eit demokratisk styringsverktøy for å unngå å enda opp med eit kart som ikkje stemmer med terrenget. NAFKAM bør i ettertid klargjera overfor bransjen kvifor eit slikt arbeid ikkje er kome høgare opp på prioriteringslista.
Forskingsvilje og status
I dag kan det blant anna synast som om akupunktur får mykje merksemd både når det gjeld forsking og informasjon (NIFAB), utan at ein har god nok kunnskap om bruken i forhold til andre terapiformer.
NAFKAM burde i denne samanhengen også vera klar over den merksemda og ressurstilgongen TCM får ved at supermakta Kina verda over brukar dette aktivt både som politisk – og kulturell eksportartikkel
Vidare har akupunktur fått ein auka status i Vesten gjennom at autorisert helsepersonell har ”falt” for enne terapiformen. Historisk har det alltid vore gjævare å stikka nåler enn å utøva tyngre fysiske terapiformer så som soneterapi eller massasje. Desse terapiformene bør likevel ikkje lida under mindre forskingsvilje som har sin årsak i både lågare status og ressurstilgong. Dette spesielt når ein har å gjera med eit offentleg forvaltningsorgan som i utgangspunktet skal vera demokratisk fundert. I denne samanhengen: ikkje eit ord gale om sjølve akupunkturen, men ei prioritering bør ta omsyn til slike faktorar. Paralellstudie med to
eller tre terapiformer ved same kliniske utgangspunkt, kan vera ei løysing framover.
I samband med omorganisering av NAFKAM, der senteret blir ein del av Universitetet i Tromsø, ligg det i avtalen at Helse- og omsorgsdepartementet skal oppnemna eit fagråd med representantar frå ulike fagmiljø på området. Rådet skal gje faglege råd vedrørande senteret si verksemd. Tilrådingar frå fagrådet skal innanfor rammen av det årlege tildelingsbrevet, leggja viktige premissar for senteret sitt daglege arbeid og prioriteringar.
Fagrådet skal vera samansett av 7 personar og skal møtast minst to gonger i året. Senteret ivaretek sekretariatfunksjonen til fagrådet. NNH har forventningar til at dette rådet skal gjera det lettare for bransjen å vera ein konstruktiv premissleverandør til det mandatet som NAFKAM er bestemt å skulle utføra. Me ser i spenning fram til departementet si oppnemning. Eller sagt på ein annan måte: me reknar det som sjølvsagt at bransjen blir kontakta for å framføra aktuelle kandidatar.