Kreft var eit av hovudtema ved Tunsbergdagene på Sundvolden hotell i slutten av mars. Tunsbergs medisinske skole hadde blant anna fått Dr. Thomas Rau frå Sveits til å fortelja om sitt perspektiv i høve kreft – og kva slags behandlingsstrategi som blir brukt ved klinikken hans.
Av John Petter Lindeland, seniorrådgjevar NNH
Dr. Rau dreiv i si tid også Paracelsus-klinikken, og har erfaring i behandling av tusenvis av pasientar frå heile verda, både i høve kreft, men også andre kroniske lidingar.
Behandlingsstrategien kviler på tre hovudpilarar: identifisering og fjerning av årsaker, styrking av immunsystemet og fremjing av eit krefthemmande stoffskifte gjennom målretta ernæring og biologiske terapiformer.
Alle pasientar blir vurdert individuelt gjennom ein grundig anamnese og fysiske undersøkingar, og behandlinga blir tilpassa kvar enkelt ut i frå patologisk utviklingsnivå. Dei nyttar også ulike terapiformer for å minske biverknadane av konvensjonell kreftbehandling og for å betra livskvaliteten.
-Kreft er ikkje berre ein sjukdom i eitt organ; det er ein metabolsk ubalanse. Ved å styrkje kroppens naturlege forsvar, gjennom avgifting og gjenoppretting av optimal cellefunksjon, skaper vi tilhøve for ekte lækjing-der vi støttar opp om regenerasjon i staden for å angripe kroppen, seier Dr. Rau.
Dr. Rau er samstundes oppteken av å formidla at han og hans team ikkje er motstandar av konvensjonell kreftbehandling, men at det i mange tilfelle ikkje er nok for å få til eit varig resultat.
-Når ein får ein kreftdiagnose, er det viktig ikkje å få panikk. For dei som ynskjer å komplettera konvensjonell behandling, må ein utarbeida ein personsentrert behandlingsplan. Som regel vil dette innebera ein kombinasjon av konvensjonell behandling, kombinert med biologisk medisin og andre terapiformer som kan byggja opp under tilfriskning og eventuelt minska biverknadar.

Forsking
Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin (NAFKAM) ved universitetet i Tromsø har gjennom mange år forska og formidla kunnskap om kreft og alternativ behandling.
Kva seier forskinga om pasientar som oppsøkjer alternativ behandling eller komplementærmedisinsk behandling ved kreft, både i høve resultat, oppleving og eventuelle negative sideeffektar? Vi rettar spørsmålet til Agnete Egilsdatter Kristoffersen, seniorforskar ved NAFKAM.
-Det forskinga vår viser, er at praktisk talt alle som brukar alternativ behandling ved kreft, gjer dette i tillegg til skulemedisin. Dei bruker det ikkje primært for å behandle kreften eller for å hindre at ho spreier seg, men for å auke eigen motstandskraft, få betre livskvalitet og for å behandle biverknader og seinskadar etter konvensjonell kreftbehandling. Dei fleste startar med alternativ behandling etter at dei er ferdigbehandla på sjukehuset, typisk 1–5 år etter at dei fekk diagnosen kreft.
-Av dei som nyttar seg av alternativ behandling, opplever dei aller fleste å få god hjelp ved besøk hos alternativ behandlar og ved bruk av sjølvhjelpsteknikkar. Dei som brukte urter og helsekostprodukt, opplevde dette i mindre grad. Biverknader rapporterte etter bruk av alle former for alternativ behandling er få og sjeldne, under 10 prosent av dei som får slik behandling.
Kreftforeningen
Kreftforeningen er ein av dei største brukar- og interesseorganisasjonane i Norge. Organisasjonen har i dag 135.000 medlemmer og arbeider aktiv for at fleire skal overleva kreft, og for betre livskvalitet for pasientar og pårørande. Mona Bjelland er spesialrådgjevar i klinisk ernæring i organisasjonen.
Eg har merka meg at informasjon i høve kosthald og ernæring på Kreftforeningen si nettside har endra seg samanlikna med for nokre år sidan. Har det skjedd ei haldningsendring eller er dette eit resultat av betre kunnskap og dokumentasjon?
-Kreftforeningens nettsider blir oppdaterte fortløpande, i tråd med nye tilrådingar og retningslinjer, og dessutan forsking. Brukarvennlegheit er også viktig i utarbeidinga av nettsidene våre, noko me har hatt eit særleg fokus på det siste året. Dette, kombinert med nye kostråd frå helsestyresmaktene i 2024, har resultert i nokre endringar på nettsida.
Mange kreftpasientar melder ofte i møte med det ordinære helsevesenet, at dei blir passiviserte. Dei får melding om at dei kan leva og eta som vanleg. Kva haldning har Kreftforeningen til dette, og kva informasjon blir gjeve?
-Vi registerer at dette er ei utbreidd oppfatning, men har erfart at det er stor breidde i dei råda og det tilbodet kreftpasientar får frå helsepersonell etter diagnose. Nokon får gode råd frå klinisk ernæringsfysiolog på eit av våre Vardesentere eller via dei digitale kosthaldskursa våre. Andre ringar Kreftforeningen si rådgivingsteneste. Nokon får også tilbod om eit kurs i regi av helseføretaket eller tilbod om prehabilitering. Prehabilitering er eit tilbod ved nokre sjukehus, anten som eit fast tilbod eller som eit forskings-/pilotprosjekt. Me har gjennomført ei undersøking i vårt Brukerpanel som viser at mange gjer endringar i kosthaldet, som i all hovudsak er å eta sunnare og meir i tråd med dei nasjonale kostråda.
Ein del pasientar dreg til utlandet for å oppsøkja helsehjelp i samband med kreftdiagnose. Kva råd har Kreftforeningen å gje desse?
-Me tilrår alle å ha tett dialog med behandlande lege dersom dette er eit tema. Dersom ein vurderer behandling i utlandet er det viktig å tenkja gjennom alle aspekt ved dette. Les gjerne meir om temaet på Kreftforeningens nettside om behandling i utlandet.
Pasienthistorier
Gjennomgåande i pasienthistoriane som blei presentert på Tunsbergdagane, var at opplevinga av å bli realitetsorientert i høve status for kreftsjukdomen skapte ei kjensle av håpløyse-«du vil døy av denne kreften». Situasjonen av at ein ikkje hadde kommunikasjon med same lege ved oppfylgjing, gjorde at denne bodskapen blei repetert fleire gonger. Å forhalda seg til eit slikt system, fordrar at ein sjølv har nok energi og krefter til å mobilisera styrke. Mange manglar denne styrken. Redninga blir då å ha ein familie eller nettverk rundt seg som kan vera støttande til den konvensjonelle behandlinga-og samstundes orientera seg i høve andre terapeutiske tilnærmingar til sjukdomen.
Som forskinga frå NAFAM viser, valte samtlege å gjennomføra stort sett all behandling dei blei tilboden via den offisielle kreftomsorga, samstundes som dei også brukte ulike andre terapiformer og fokus på kosthald og avspenning.

Vidareutdanning innan kreftomsorg
Behovet for å formidla kunnskap til kreftpasientar som ynskjer å vera aktive i sitt sjukdomsforløp gjennom bruk av ulike terapiformer og råd som det offentlege ikkje dekker, har auka.
-Mange av våre uteksaminerte biopatar og ernæringsterapeutar har ventelister i høve pasientar som ynskjer slik kunnskapsformidling, og eventuelt behandling, uttalar rektor ved Tunsberg Medisinske Skole, Truls Isaksen.
-Det er ikkje me som har skapt denne marknaden. Den har vakse fram av seg sjølv, ettersom positive erfaringar frå pasientar blir formidla vidare til andre. Me har difor etablert ei vidareutdanning i høve i arbeid med alvorleg sjukdom og kreftpasientar. Målgruppe er biopatar, ernæringsterapeutar og leger med kunnskap og interesse for ernæring-og andre med relevant kompetanse. Hovudfokuset i utdanninga ligg i å formidla nåverande juridiske status i høve Lov om alternativ behandling, gode yrkesetiske haldningar, relevant forsking, kunnskap om ulike sjukdomskategoriar og korleis desse blir behandla innanfor konvensjonell omsorg og til slutt naturterapeutisk omsorg og behandling. NNHs Yrkesetiske retningslinjer vil sjølvsagt vera obligatorisk pensum. Lærekreftene er kompetente leger og naturterapeutar med lang erfaring innan dette temaet.
-Me ser også på moglegheiter for forsking, og er i kontakt med fleire universitet og sjukehus, i tillegg til NAFKAM, seier Truls Isaksen.
Én kommentar
Å opprette en skolering i feltet kreftbehandling er svært «god timing», eller kanskje til og med på overtid i Norge. Applaudering til Tunsberg Medisinske Skole som de tar tak i dette nå. Vi vet med ganske stor sikkerhet at krefttilfeller kommer til å eskalere, det synes å øke spesielt nå etter korona-perioden. En innvending, eller skal jeg si en liten skepsis, er den nesten «religiøse» troen de senere år fra flere hold innen det alternative/komplementær-medisinske miljøet i Norge på animalsk føde, og diverse lavkarbo dietter. Her vektlegges studier som passer med denne overbevisningen. Derimot er all erfaring langt tilbake, mer enn hundre år, at skal man få resultater på kreftbehandling er det plantebasert som gjelder. Det er kanskje unødvendig å si at det også er mange flere faktorer inn i dette bildet enn diett/ernæring selv om dette synes å være en av hovedpilarene i svulstbekjempende behandling. Både skoler, konferanser og medisinske tidsskrifter må bestrebe seg på mer objektivitet på dette feltet enn det vises i dag hvis man skal man få fortgang i alternativ/komkplementær kreftbehandling her i landet.