John Petter Lindeland styreleiar i NNH

Homeostase, heilskap og håp for verda – jula 2025

NNHs styreleiar deler refleksjonar kring omgrepet homeostase – likevekt og samspel – sett i lys av både menneskeleg helse og den globale situasjonen me står i. Med utgangspunkt i naturterapeutisk heilskapstenking, internasjonalt samarbeid og aktuelle verdsutfordringar, peikar han på både uro, ansvar og håp inn mot ei ny tid.

Av John Petter Lindeland, styreleiar i NNH

Homeostase er eit omgrep som er mykje nytta innan naturterapien/naturopatien. Den leksikale tydinga er likevekt, eller same stillstand. I ein terapeutisk kontekst, betyr dette å leggja til rette for at organismen fungerer optimalt – og at alle delelement gjer det dei skal og samspelar med alle andre i ein kontinuerleg prosess.  Helgefri og ferie er tabu. Og kommunikasjon er her ein nøkkelfunksjon. For om ikkje alle delelement kommuniserer med kvarandre via mange ulike former, ville homeostasen bryta saman. Resultatet ville bli eit ubehag, smerte – og i nokre tilfelle eit utfall med fatale fylgjer.

Og kva slags faktorar er det som byggjer opp under ein optimal homeostase? Det er nok individuelt, men likevel veit me i dag ein del me bør ha fokus på: eit balansert kosthald av god kvalitet, regelmessig fysisk aktivitet, søvn og kvile, stressmestring, reint vatn og god luftkvalitet, gode sosiale relasjonar, økonomi – for å nemna nokre.

Når eg sit her, og veit at dette året snart er omme, kjem eg i tankar om dette: korleis står det til med homeostasen i verda i dag.  Er me i likevekt, og er jorda i likevekt – i alle fall så langt det lar seg gjera? Kommuniserer me slik at me forstår kvarandre? Eg trur mange ville ha svart nei på desse spørsmåla. Uro og krig, stormaktrivalisering, politisk polarisering, økonomisk ulikskap og ei klimaendring og eit naturtap me førebels kanskje berre har fått ein forsmak på, pregar informasjonen me kvar dag får gjennom våre digitale medium.

Naturterapien/naturopatien ber i seg kunnskap om at alt heng saman med alt, og at kommunikasjon og dialog er fundamentet for at alle faktorar skal samspela til beste for ein optimal helsetilstand – både for menneske og jorda. Kva om våre politiske leiarar verda over hadde høyrt meir på oss som ber denne tradisjonen og desse prinsippa vidare? Det at WHO nå har vedtatt ein ny strategi for Traditional Medicine som går fram mot 2034, ber von om at denne heilskapstenkinga skal slå rot i alle land og bli implementert på ein måte som gjer at det kan merkast ikkje berre på folk si helse, men også på korleis politikarane forvaltar vårt felles skaparverk framover.

Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) har ei global kommunikasjonsflate, spesielt gjennom vårt medlemskap i World Naturopathic Federation (WNF). Dette fellesskapet gjev ny energi og kunnskap om korleis me kan promotera den naturterapeutiske/naturopatiske tradisjonen til beste for både eigne land og verda elles. Det er også etablert European Support Committee, som spesielt skal sameina og forbetra samarbeidet i Europa.  Gledeleg er det også at Svenska Naturläkarförbundet (SNLF) har blitt medlem av WNF. Det borgar for eit nærare samarbeid i Norden. Gjennom initiativ frå NNH, er dialog etablert, og me er samde om å få til eit utdanningssymposium i 2026. Det hårete målet er å leggja til rette for samarbeid i Norden, og samstundes skapa grunnlag for eit høgt utdanningsnivå som på sikt kan betra våre rammevilkår og få våre folkevalde til å innsjå at me er ein viktig del av det totale helsevesenet.

Trass i mørke politiske skyar, er eg optimist i høve framtida.  Inkludert vår eigen medisinske tradisjon, er det millionar av menneske som dagleg arbeider og legg til rette for gode og berekraftige tiltak. Me må aldri mista trua på at menneske har ein utruleg evne til å vera skapande i møte med nye utfordringar.

Eg ynskjer våre medlemmer og samarbeidspartnarar ei god jul, og eit fredfylt nytt år – når den tida kjem. Ta godt vare på kvarandre!

Julehilsen fra Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjoon 2025

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon