Faglege og etiske grenser for terapeutisk verksemd

Har ein fyrst, på ein overtydande og entusiastisk måte, valt homøopati som sin terapiform, blir førestillinga om at dette faget aleine ikkje skulle vera nok til å skapa ein levedyktig praksis, svært irriterande. For meg har det vore like vanskeleg som tidkrevjande å koma fram til denne innsikt.

Av heilpraktiker Stefan Reis

Heling lukkast ikkje i kvart einskild tilfelle. Det gjeld også i dei kasus ein vurderar som enkle. I andre kasus, med dårlege helingsprognosar, kan ein gong på gong bli overraska over fantastiske resultat. Same kva, satsar ein vidare på regelmessige studium av grunnlitteraturen i homøopatien og homøopatien sin materia medica, for å betra sin terapeutiske dugleik.

Dette er sjølvsagt ei rett og god innstilling, samstundes som ein sjølvkritisk må vurdera om ulike faktorar som hindrar ei heling, påverkar behandlingsresultatet, eller om pasienten i homøopatisk forstand ikkje var sjuk, eller at homøopatien ikkje var den rette eller indikerte terapiforma.

Heilpraktiker Stefan Reis
Heilpraktiker Stefan Reis

I slike samanhengar blir det sjeldan vurdert om pasienten sitt gemytt og tenkemåte kan vera ein hinder for kuren. Dersom det heng slik saman, kan det i mange tilfelle heller handla om ei pedagogisk haldning overfor pasienten enn val av eit legemiddel – jfr. Samuel Hahnemann i Organon § 208. Hahnemann presiserar dette
ytterlegare i fyrste bind av Dei kroniske sjukdomane – deira kur og behandling s. 140:

«Terapeuten må alltid gjera sitt beste for å fjerna ”sorg og sinne frå den sjuke. Er det ikkje mogleg å forandra på slike psykiske tilstandar, fordi vedkomande ikkje har nok tiltru i filosofi eller religion til å bera si liding med tålmod og sinnsro som han sjølv ikkje er skuld i og som ikkje står i han si makt å forandra – og utan at terapeuten er i stand til å medverka til fjerning av desse livsøydeleggjande faktorane; ja, så bør han seia frå seg behandlinga av den kroniske sjukdomen, og overlata den sjuke til sin lagnad – unnteken i dei tilfelle der pasienten har liten eller inga grunn for si sorg eller ergring.”

Moderne homøopatar tek lite omsyn til og reflekterer sjeldan over desse klare grensene eller kontraindikasjonane for ei homøopatisk behandling, ut frå eit ynskje om i det minste å «understøtta» med noko legemiddelaktig. Det kan ofte vera meir formålstenleg at ei understøtting skjer meir effektivt gjennom ein samtale, ei oppdragings- eller ernæringsrådgjeving. Ei slik tilnærming står ofte i motsetnad til den sementerte og defensive sjølvoppfatninga av å stå fram som «rein homøopat», som igjen har si årsak i ei vitskapsteoretisk fiendtleggjering av homøopatien. Ein må alltid vera åpen for den terapeutiske og helande effekten ein kvar konsultasjon/anamnese kan ha, uansett terapeutisk tilnærming.

Årsaka til at mange utøvarar av homøopati neglisjerar verknaden av slike tilnærmingar, kan vera at faget stadig blir utsett for påstandar om at effekten av homøopatisk medisin kun kviler på placebo. Resultatet er ei defensiv tilbaketrekkjing til ein posisjon som fullstendig fornektar slike innverknadar, sjølv om dette bare kjem i tillegg til den praktiske bruken av den legemiddelbaserte likskapslova som ein aldri kan setja spørsmålsteikn ved.

Dei færraste av våre pasientar oppsøkjer eit senter for homøopati av di dei er fortrulege med grunnprinsippa innan faget og har kunnskap om korleis verknaden av potenserte middel skil seg frå andre terapeutiske tilnærmingar. For dei fleste er homøopatien eit biverknadsfritt og mildt alternativ som verkar mindre trugande på deira sjølvforståing av det å vera sjuk. Kanskje kan ei ikkjemedikamentell tilnærming derfor skapa større tillit til homøopatiutøvaren si seinare medikamentelle behandling, ved at pasienten sjølv får ta hand om og fjerna belastande livstilstandar i staden for å «delegera» dette til eit legemiddel.

Gjennom mi mangeårige praksisgjerning konstaterar eg at mine føreskrivingar av homøopatiske legemiddel minkar. Dette har rett nok ikkje utelukkande si årsak i at eg allereie ved fyrste forordning finn det rette middel eller ventar meir tålmodig før eg vekslar til eit anna, men mykje heller ein aukande kunnskap som åpnar blikket for kva pasientar som treng homøopatisk behandling og dei som treng noko anna.

Med denne innstillinga kjenner eg meg i samsvar med Samuel Hahnemann, som hadde ein unik innsikt i kva som var homøopatisk helbart og ikkje. I motsetnad til Hahnemann kan eg likevel ikkje frita meg frå behandling av kronisk sjuke, sjølv om dei ikkje møter krava eller svarar til forventningane om ”å vera lydige, innsiktsfulle og tålmodig” sjuke.

Når eg i mine fyrste praksisår likevel forsøkte å finna dei rette midla og dermed skapte frustrasjon på begge sider av bordet, unngår eg det i dag. I staden tilbyr eg samtalar eller viser til andre terapeutar. Med grunnlag i betre allmenne føresetnadar, er perspektivet dermed alltid å skapa eit godt utfall av ei framtidig homøopatisk behandling.

 

Artikkelen er fyrste gong trykt i det tyske homøopatiske fagtidsskriftet Neues Archiv für Homöopathik. Omsett av John Petter Lindeland og Andreas Hertzber med løyve frå Stefan Reis – første gang publisert i tidsskriftet Naturterapeuten nr 4/2008.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *