Dr. Erik Hexeberg engasjerer seg politisk

Erik Hexeberg, lege dr.med. spesialist i indremedisin, er ein kjent profil som gjennom fleire bøker og eigen klinikk har skapt fokus omkring mat som medisin – der karbohydratredusert kost er eit av verktøya.

I samtale med John Petter Lindeland, styreleiar og seniorrådgjevar i NNH

Han legg også vekt på at kosthaldet må vera individuelt tilpassa, og må ta omsyn til blant anna matintoleransar og andre forhold. Hexeberg har ein doktorgrad innan hjartefysiologi. Han har også erfaring frå arbeid i farmasøytisk industri i 10 år.

-Det er ein bakgrunn som eg synes er interessant i høve det å forstå korleis farmasøytisk industri påverkar legane og dei vala som blir gjort i samfunnet med omsyn til helse.

Eg tenkjer at helse og sjukdom avheng av mange faktorar, der også politiske verdisyn og prioriteringar er viktige for resultatet.  Også ulike næringsinteresser kan spela ei stor rolle. Er dette årsak til at du nå vil engasjera deg politisk i det nye Velferd og Innovasjonspartiet (VIP) https://vipartiet.no/ ?

-Ja, det er klart at dette heng saman. Eg er oppteken av at me skal ha ei befolkning som har god helse og er friskare enn dei er i dag, noko som er avgjerande for at me skal oppretthalda velferdsstaten. Veldig mange meiner eg er unødvendig sjuke basert på feil råd dei får frå offentlege styresmakter. Det er jo ikkje likegyldig kva me puttar i oss. Nokon må rett og slett utfordre systemet skal me få til ei endring. Slik det er i dag, klarar ikkje dagens politikarar å utfordra helsebyråkratiet. Me treng difor nokre som har kompetanse og som frå Stortingets talarstol kan informera dei andre politikarane om at det eksisterer andre strategiar og val. Helsebudsjettet i dag er ikkje berekraftig dersom me fortset å nedprioritera helseførebyggjande arbeid.

Matproduksjon

-Samstundes er eg også oppteken av at me skal ha ein matproduksjon som er tilpassa Norge sitt klima og topografi. Her er grasproduksjon og beitebruk viktig, både ut ifrå eit sjølvbergingsperspektiv, men også ut i frå at dette vil gje oss eit kosthald som er godt – og berekraftig i høve miljø.

Giftstoff

-Eg er også bekymra over cocktail-effekten når det gjeld tilsetningsstoff i mat og bruken av plantevernmidlar i landbruket, i tillegg til at farmasøytisk industri har som mål å selja mest mogleg av sine medisinar – og som ofte har mange biverknadar. Sjølv om det er fastlagt grenseverdiar for kvart enkelt stoff, kan denne cocktail-effekten forsterka effekten av kvar enkelt og føra til helseskaden me pr i dag veit for lite om. Både agrarindustrien og farmasiindustrien brukar store midlar inn mot EU-systemet for å forsvara sine interesser. Dette er ikkje alltid samanfallande med førebyggjande helsearbeid.

Legeutdanning

Ser du for deg at legeutdanninga bør endrast for å få til ei endring? I dag sit legane på mange sider av det same bordet, og har difor stor påverknad og makt i høve korleis ein skal utforma eit framtidig helsevesen.

-Ein lærer lite eller ingenting om førebyggjande medisin under legeutdanninga. Skal me få til ei endring, trur eg ein må etablera ei ny legeutdanning. Endringar har kome kvar gong det har blitt etablert slike nye utdanningar, som til dømes i Tromsø. Dette har også ført til endringar hjå dei etablerte.

Det tidlegare Helsepartiet gjekk ved førre stortingsval inn for at det skulle etablerast ei ny legeutdanning ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås med tilknyting til Akershus universitets­sykehus, og der hovudfokuset skulle vera på mat som medisin og andre førebyggjande tiltak. Dette vil VIH føra vidare i sitt program.

Alternativ behandling og moms

-Helsepartiet gjekk inn for å oppretthalda mva-fritaket for alternativ behandling ved førre val, og VIP har same politikk. For oss er det eit paradoks at pasientar som eigentleg ikkje får hjelp av det offentlege helsevesenet, men som opplever hjelp hjå alternative behandlarar, skal straffast med mva på tenester dei sjølv betaler for.

Me treng eit grasrotopprør, men då må alle som er kritiske til helsestyresmaktene sin helsepolitikk samla oss. Hadde alle naturterapeutar og alternative behandlarar støtta VIH, og fått mange av pasientane deira til å stemma på partiet – kunne me ha utfordra Stortinget og høgst sannsynleg skapa ei endring. I dag er det byråkratane som bestemmer kva politikarane kan meina.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *