Dette var tema for NAFKAM-konferansen 2026. Fem foredragshaldarar gav eit innblikk i ulike perspektiv på både behov, fordelar og ulemper med dialog i høve pasientar som nyttar tenester innan det offentleg helsevesenet samstundes som dei brukar ulike former for alternativ behandling.
Av John Petter Lindeland, leiar NNH
Ulike behov
Dei som representerte perspektiva frå alternativ behandling, var tidlegare naturterapeut og urtelaugsleder i KVANN, Mari Jerstad, psykodramaterapeut og leder for Norsk Forbund for Psykoterapi, Carina Holandsli, og akupunktør, fysioterapeut og forskar ved smerteklinikken på Sykehuset i Vestfold, Jill Hervik. Sjølv om desse uttrykte litt ulike behov når det gjeld dialog, var den viktigaste premissen respekt. Utan respekt for kvarandre sitt kunnskapsgrunnlag og relasjon til pasienten, blir dialog enten bortkasta bruk av tid eller lite fruktbar. Og i all dialog eller kommunikasjon, er språk sentral.

Ettersom helsepersonell som regel ikkje har utdanning eller kunnskap om alternativ medisinske metodar, må eit felles språk tuftast på det som er vanleg innan det offentlege helsevesenet. Andre stikkord var informasjonsformidling i høve interaksjonar mellom legemiddel og urter/substansar, dela mogleg bekymringar om feil diagnose, utvida blodanalysar, formidling av ofte langvarige kjennskap om pasienten osb.

Legeperspektiv
Spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin, professor emeritus ved Institutt for samfunnsmedisin UiT, tidligare fastlege og kommuneoverlege, Einar Kristian Borud, og overlege og professor i psykiatri ved UiO, Jan Ivar Røssberg, understreka begge at helsepersonell ikkje hadde nokon plikt til å ha dialog med terapeutar utanom den offentlege helsetenesta. I enkelte tilfelle kan dialog vera føremålstenleg, men dette må framførast på ein slik måte at det ikkje tek for mykje av tida i ein travel praksis – gjerne pr. telefon eller at pasienten tek med eit kort notat om det ein vil formidla.
Borud hadde også ei oppfordring til fagorganisasjonane om utarbeiding av skjema i høve helseopplysningar der kartleggjing av legemidlar og diagnosar, oppfordring til pasientar om å oppsøkja lege ved røde flagg – og avklaring av behovet for direkte kontakt.

Spørjeundersøking
NAFKAM hadde på førehand sendt ut spørjeskjema om dialog mellom helsepersonell og alternative behandlarar. Hovudfunnet her var at 52 % av utøvarane hadde tatt kontakt med helsepersonell, 39 % hadde blitt kontakta av helsepersonell, 65 % var opptatt av at kontakta skal/må være trygg og nyttig, og 60 % opplevde situasjonar der kontakt kunne vore nyttig. Dei andre tala synte også at dialogen hadde blitt godt motteke.
